Kva er virus på balansenerven?
Virus på balansenerven, eller vestibularisneuronitt, er ein akutt betennelse i den eine balansenerven i det indre øyret.
Tilstanden kjem vanlegvis som følgje av ein virusinfeksjon, og fører til at nervesignala frå éi side blir svekka eller stoppar heilt.
Hjernen får då ulike signal frå høgre og venstre balanseorgan, noko som gir plutseleg og kraftig svimmelheit.
Dette er ikkje ei vanleg årsak til svimmelheit – ein reknar med mellom 500 og 1000 tilfelle i Noreg årleg.
Tilstanden kan vere dramatisk dei første dagane, men prognosen er som regel god når ein får rett oppfølging.

Symptom
Vestibulær rehabilitering blir brukt ved fleire ulike årsaker til svimmelheit og ustøheit, Symptoma kjem brått og kan vere kraftige i starten før dei gradvis blir svakare.
Dei mest typiske symptoma er:
- Plutseleg, intens svimmelheit med kjensle av rotasjon
- Kvalme og oppkast
- Ustø gange og balanseproblem
- Auka svimmelheit ved hovudrørsle
- Generell trøyttleik og uvelheit
Høyrselen er normalt ikkje påverka, noko som skil tilstanden frå labyrintitt, der både balanse og høyrsel er ramma.
Korleis blir diagnosen stilt?
Ved Sunnhordland Klinikken startar undersøkinga med ei grundig anamnese – korleis symptoma starta, varigheit, intensitet og eventuelle utløysande faktorar.
Deretter blir det gjort testar for å vurdere balanse, augebevegelsar og nervesystem.
Undersøkinga kan inkludere:
- Videofrenzel-test for å analysere nystagmus (augebevegelse)
- Hodeimpulstest (HIT) for å vurdere refleksane mellom auge og balanseorgan
- Balanse- og gangtestar for å måle stabilitet
- Nevrologisk screening for å utelukke andre årsaker
Ved behov kan vi samarbeide med ØNH-lege eller fastlege for vidare utgreiing, inkludert MR eller blodprøver for å utelukke infeksjonar og mangeltilstandar.
Behandling og rehabilitering
Dersom tilstanden blir oppdaga tidleg, kan kortison (steroider) nyttast i den akutte fasen for å dempe betennelsen i nerven og betre prognosen.
Dette vurderast og forskrivast av lege.
Når den mest intense svimmelheita har roet seg, er det avgjerande å starte med vestibulær rehabilitering – ei målretta treningsform som hjelper hjernen til å tilpasse seg dei endra signalforholda frå balanseorganet.
Rehabiliteringa omfattar øvingar for:
- balanse og gangtryggleik
- auge–hovud-koordinasjon (VOR-trening)
- gradvis tilvenning til rørsler som utløyser svimmelheit
Regelmessig heimetrening og gradvis eksponering for rørsle er viktig for å oppnå god kompensasjon.
Dei fleste merkar tydeleg betring i løpet av nokre veker, sjølv om enkelte treng lengre tid før full balansefunksjon er gjenoppretta.

Fagleg kompetanse ved Sunnhordland Klinikken
Ved Sunnhordland Klinikken har fleire behandlarar vidareutdanning innan svimmelheit, vestibulær rehabilitering og balansevurdering gjennom Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Balanselaboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus.
Klinikken nyttar moderne utstyr som videofrenzel-briller og tilbyr strukturert oppfølging frå akuttfase til full rehabilitering.
Ved behov samarbeider vi med fastlege, ØNH-lege og nevrolog for vidare oppfølging.
Oppsummering
Virus på balansenerven er ein sjeldan, men kraftig form for svimmelheit som skuldast betennelse i balansenerven.
Tilstanden krev medisinsk vurdering tidleg, og vidare opptrening gjennom vestibulær rehabilitering for å sikre rask og stabil betring.
Hos Sunnhordland Klinikken får du ei trygg, kunnskapsbasert oppfølging med fokus på både årsak og rehabilitering.
