Kva er vestibulær rehabilitering? 

Vestibulær rehabilitering er ei målretta treningsform som blir brukt for å betre balanse og redusere svimmelheit som kjem frå balanseorganet i det indre øyret
Målet er å hjelpe hjernen til å tilpasse seg signalforandringar frå balanseorganet og gjenvinne tryggleik i rørsle og aktivitet. 

Treninga handlar ikkje berre om sjølve balanseorganet – ho trenar også hjernen sin evne til å tolke og samordne informasjon frå fleire sansar, som syn, hørsel og propriosepsjon (kroppens eigen bevisstheit om stilling og rørsle). 

Kven kan ha nytte av vestibulær rehabilitering? 

Vestibulær rehabilitering blir brukt ved fleire ulike årsaker til svimmelheit og ustøheit, blant anna: 

  • Etter krystallsyke (BPPV) – for å stabilisere balanse og redusere restsymptom 
  • Ved langvarig svimmelheit utan klar årsak (PPP-syndrom) 
  • Ved vestibulær migrene 
  • Ved aldersrelatert balanseproblem 
  • Hos pasientar med nevrologiske tilstandar, som MS (multippel sklerose), der nervesystemet treng stimulering for å halde balanse og koordinasjon ved like 

Treninga blir alltid tilpassa individuelt, og gjennomført i trygge og kontrollerte former. 

Vanlege symptom som kan behandlast 

Pasientar som får tilbod om vestibulær rehabilitering opplever ofte: 

  • Ustøheit når dei går eller reiser seg 
  • Svimmelheit ved hovudrørsle eller stillingsendring 
  • Kjensle av disig syn eller bevegelse i synsfeltet 
  • Redusert balanse i mørke eller på ujamnt underlag 
  • Trettleik, uro eller ubehag ved sanseinntrykk 

Desse symptoma kan vere plagsame i kvardagen, men respondere svært godt på rett trening. 

Korleis foregår undersøking og oppstart? 

Ved Sunnhordland Klinikken startar prosessen med ei grundig kartlegging av svimmelheita og balansefunksjonen. 
Undersøkinga kan inkludere: 

  • Balanse- og koordinasjonsprøver for å måle stabilitet og kontroll 
  • Vurdering av nakkebevegelse og “joint position sense” – kor presist nakken registrerer og reproduserer stilling 
  • Testing av synssystem og samspelet mellom sanser 
  • Funksjonell ganganalyse og vurdering av tryggleik ved rørsle 
  • Gjennomgang av sjukehistorie og eventuelle MR/ØNH-funn 

Basert på dette blir det sett opp eit individuelt treningsprogram som byggjer på prinsipp frå vestibulær kompensasjon, habituering og sensorisk integrasjon
Det blir òg vurdert om det trengst vidare utgreiing for å utelukke andre årsaker til svimmelheit, inkludert serologiske prøver for å avdekke eventuelle infeksjonar, sjukdomar eller mangeltilstandar som kan påverke nervesystemet. 

Kva inneheld rehabiliteringa? 

Vestibulær rehabilitering består av nøye tilpassa øvingar som stimulerer både balanseorganet, synet, propriosepsjonen og hjernen sin evne til å samordne desse signala. 
Treninga omfattar balanseøvingar, blikkstabilisering og gradvis tilvenning til rørsler som utløyser svimmelheit. 
Heile poenget er å lære hjernen å tole bevegelse betre, bygge opp nye stabile koblingar og redusere overreaksjonar frå sanseapparatet. 

Betydninga av heimetrening 

Ein viktig del av vestibulær rehabilitering er jamn heimetrening
Regelmessig øving, gjerne dagleg, gjer at hjernen får nok stimulering til å lære og tilpasse seg. 
Utan denne kontinuiteten tek tilvenninga mykje lengre tid. 

Pasientane får derfor med seg spesifikke øvingar som skal gjerast heime mellom konsultasjonane, og desse blir justerte etter framgang og toleranse. 

Behandlingsforløp og oppfølging 

Rehabiliteringa blir gjennomført trinnvis, der vi aukar intensiteten etter kvart som hjernen tilpassar seg. 
Mange merkar betring allereie etter 3–4 veker, medan andre treng lengre oppfølging. 

Ved behov samarbeider vi med fastlege, nevrolog eller ØNH-spesialist for vidare utgreiing og optimal tilpassing av behandling. 

Fagleg kompetanse ved Sunnhordland Klinikken 

Ved Sunnhordland Klinikken har fleire behandlarar vidareutdanning og sertifisering innan vestibulær rehabilitering og svimmelheitsdiagnostikk
Thomas, Henrik og Sindre har gjennomført kurs og vidareutdanning gjennom Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Balanse­laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus

Klinikken nyttar moderne utstyr som videofrenzel-briller og balansetesting, og arbeider etter forskingsbaserte prinsipp for gjenopptrening av balanse, koordinasjon og hjernens kompensasjonsevne. 
Vi tek imot pasientar med både akutte og langvarige svimmelheitsplager, inkludert dei som har balanseproblem etter nevrologiske sjukdommar som MS. 

Oppsummering 

Vestibulær rehabilitering er meir enn berre trening av balanseorganet – det er heilskapleg hjernetrening som styrkjer samspel mellom sanser, balanse og kroppskontroll. 
Med rett undersøking, oppfølging og jamn heimetrening kan du oppleve betre balanse, mindre svimmelheit og meir tryggleik i kvardagen. 

Hos Sunnhordland Klinikken får du profesjonell oppfølging med moderne utstyr og kompetanse på balanse, svimmelheit og nevrologisk rehabilitering.