Trening er lettare – og ikkje minst kjekkare – når ein gjer det saman!  

Sterk saman er eit inkluderande gruppetreningstilbod hos Sunnhordland Klinikken, der alle kan vera med uansett form og erfaring.  

Fellesskap og meistring  

Her har me fokus på generell styrke, kjernemuskulatur og kondisjon, men like viktig er fellesskapet og motivasjonen. Øvingane blir tilpassa slik at alle kan kjenne meistring – enten du er nybyrjar eller har trena lenge. 

Me heiar på kvarandre, og fokuset er alltid på framgang – ikkje prestasjon.  

Trening som varer  

Dei fleste som deltek fortel at dei føler seg i betre form, meir motivert og ikkje minst inspirert enn før dei starta å trene med Sterk saman. Når ein kjenner at lysta aukar, blir det lettare å byggje gode vanar – og å gle seg til neste økt – SAMAN.  

Vil du bli sterk saman med oss?  

Ta kontakt med meg, Lisa, på tlf 48227225 eller  på mail lisa@shklinikk.no for meir informasjon om neste oppstart. 

Håpar me sjåast!