Å komme i gang med fysisk aktivitet etter eit svangerskap

For dei aller fleste er eit svangerskap og ein fødsel ei stor påkjenning for kroppen. Kroppslege endringar er normalt ved eit svangerskap, og for mange påverkar det både kjernemuskulatur, bekkenbunn og den generelle fysiske forma. I tillegg til dette er mange også usikker på kvar dei skal starte når dei vil tilbake til trening. 

Hos Sunnhordland Klinikken tilbyr me Sterk mamma, eit treningsopplegg spesielt tilpassa deg som ynskjer ein trygg og riktig veg tilbake til trening og fysisk aktivitet.  

Trygg oppstart med fagleg rettleiing  

Som kiropraktor med vidareutdanning innan «Trening under- og etter svangerskap» veit eg kor viktig det er å starte riktig etter fødsel. Me fokuserer på å styrkje kjernemuskulatur, bekkenbunn og kroppen generelt – alt med utgangspunkt i din eigen kropp og situasjon.  

Du får tett oppfølging og øvingar som kan tilpassast både nybakte og meir erfarne mødrer.  

Eit pusterom for deg  

I tillegg til trening er Sterk mamma ein sosial og inkluderande arena. Mange set pris på å kunne vere sosial med andre mødrer og barn – samtidig som ein får trent og brukt kroppen fysisk. Vinn vinn!  

Vil du byggje opp kroppen på ein trygg og god måte etter fødsel?  

Send meg Lisa ei melding eller ring tlf 48227225, eller send mail til lisa@shklinikk.no for meir informasjon eller påmelding.  

Håpar me sjåast!