Ei treningsgruppe for deg som ynskjer ein sterkare og meir aktiv alderdom.  

Å halde seg i bevegelse er viktig i alle fasar av livet, og ein vesentleg faktor for ei god helse – uansett alder. Men terskelen for å halde seg aktiv vert gjerne større jo eldre ein blir, ettersom det kan krevje meir av den enkelte, og at ein kanskje ikkje heilt har det same utgangspunktet som då ein var yngre.  

Me i Sunnhordland Klinikken ynskjer å gjere det enklare og tryggare å kome i gang, og tilbyr difor Sterk 60+ – eit lågterskel treningstilbod for deg som ynskjer ein meir aktiv og sterk livsstil – samtidig som ein har det kjekt saman med andre.  

Trening og meistring  

Som kiropraktor ser eg dagleg kor mykje ein sterk og aktiv kropp betyr for både funksjon og livskvalitet. I Sterk 60+ legg me vekt på trygg progresjon og individuell tilpassing. Øvingane blir tilpassa ditt nivå, og du får rettleiing heile vegen.  

Målet er ikkje å løfte tyngst mogleg – men å byggje styrke i kvardagen og ha overskot til å fortsetje å kunne gjere det ein likar.  

Fellesskap og glede i fokus  

Dei fleste i Sterk 60+ gruppa merkar fort at treninga handlar om meir enn berre fysisk aktivitet. Det handlar om fellesskap, latter og meistringskjensle. Me heiar på kvarandre og gler oss over framgang – små og store.  

Vil du kome i gang på ein trygg og motiverande måte? 

Ta kontakt med meg, Lisa, på tlf 48227225 eller mail lisa@shklinikk.no for meir informasjon eller påmelding.  

Håpar me sjåast!