Akillessena er den sterkaste sena i menneskekroppen og er avgjerande for rørsler som gange, løping og hopping. Når denne sena vert overbelasta, kan det føre til ein smertefull tilstand kalla akillestendinopati. 

Kva er Akillestendinopati? 

Akillestendinopati er ein vanleg overbelastningsskade som råkar akillessena. Tilstanden skuldast strukturelle endringar i senen som følgje av at den ikkje har fått tid til å tilpasse seg gjenteken eller for stor belastning.  

Tilstanden kan delast inn i to hovudtypar: 

  • Midtsubstans tendinopati: Råkar midten av sena. 

Distal tendinopati: Råkar senefestet ved hælbeinet 

Symptom: Kjenner du deg stiv og sår i akillessenen? 

Symptoma kjem oftast gradvis, men typiske teikn er: 

  • Morgonstivheit: Stivheit og smerte i sena når du står opp om morgonen. 
  • Smerte ved aktivitet og belastning: Smerter og stivhet ved oppstart, betre når varm og typisk forverring i etterkant og dagen etter belastning. 

Ømheit: Smerte når ein trykkjer på eller klemmer på sena. 

Årsaker

Akillestendinopati skuldast som oftast overbelastning, typisk på grunn av for rask auke i treningsmengde eller intensitet, særleg aktivitetar som involverer løping eller hopping. 

I vår klinikk vurderer vi alle faktorar som påverkar senefunksjonen: 

  • Vår terapeut undersøkjer den lokale kapasiteten i sena, muskelstyrke i legg og kapasitet akillessene, og bevegelsesmønster under gange, løp og hopping. 

Kven får Akillestendinopati? 

Tilstanden råkar ofte personar som driv med løping, ballspel og andre idrettar med mykje hopping og start/stopp. Den er også vanleg blant mosjonistar som har auka treningsmengda for raskt. Sjølv om den er mest kjend som ein idrettsskade, kan akillestendinopati også råke inaktive personar over 30–40 år. 

Nøkkelen til varig betring 

Behandlinga er aktiv rehabilitering: Progressiv styrketrening i kombinasjon med tilpasning av aktivitet. Aktivitet er medisin, og målet er å byggje opp att belastningstoleransen i sena. 

1. Belastningsstyring 

  • Reduser eller unngå aktivitetar som utløyser sterk smerte (t.d. løping og hopping). 
  • Alternativ trening som ikkje provoserer smerta er lurt i ein periode. 
  • Lytt til smerten: Det er trygt å trene med smerter, men ein ønskjer helst eit akseptabelt smertenivå ved aktivitet og helst ingen forverring dagen etter trening.  

2. Spesifikk styrketrening 

Eit strukturert, individuelt tilpassa treningsprogram er heilt avgjerande for å styrke sena. Forskning viser at tung, progressiv styrketrening er ein effektiv behandling. 

Din terapeut vil starte deg på eit nivå som er riktig for din tilstand og deretter sikre gradvis progresjon mot tyngre vekter og meir funksjonell trening. 

3. Tilleggsbehandling og Funksjon 

  • Trykkbølgjebehandling (ESWT) kan vere eit supplement til trening for å stimulere tilheling. 
  • Achilleskile (heel wedge): Plasseres under hælen for å reduserer strekk av akillessena. Forsking viser at dette kan bidra til å avlaste senen og redusere smerter.  

Tålmodighet! Opptrening av sener tar tid. Det kan krevje 3 til 6 månader med målretta trening før ein oppnår betring og kan vende tilbake til tidlegare aktivitetsnivå. 

Kva bør du gjere? 

Dersom du mistenkjer at du har akillestendinopati, er det lurt å ta kontakt med oss. Våre terapeutar samarbeider om å stille korrekt diagnose, identifisere årsaker og setje opp ein individuell behandlings- og treningsplan for å få deg tilbake i aktivitet.