Ved Sunnhordland Klinikken blir undersøkinga tilpassa barnet og aktivitetane det driv med. 

Vi ser på: 

  • Gange og fotstilling under aktivitet (t.d. gange, hopping eller løp) 
  • Trykktest på hælen for å kartleggje smerte og lokalisasjon 
  • Stramheit i legg og akillessene 
  • Fotboge og bevegelsesmønster 
  • Diagnostisk ultralyd, eller anna bildediagnostikk blir berre nytta ved tvil om diagnosen eller dersom vi mistenker andre årsaker til hælsmerter hos barn – det er vanlegvis ikkje naudsynt for å stille diagnosen Severs sjukdom 

Behandling og oppfølging 

For å unngå smerte finst det i praksis to alternativ: 

  1. Unngå all aktivitet som utløyser smerter – dette betyr kvile og pause frå idrett og trening i ein periode. 
  1. Teste Solemaids – spesialtilpassa innleggssåler utvikla for Severs sjukdom, som flyttar trykket framover i foten og avlastar hælen. 

Solemaids er klinisk testa, og over 90 % av brukarane opplever lindring allereie frå første bruk. 

Ved Sunnhordland Klinikken blir Solemaids vurdert og tilpassa av fysioterapeut John Einar Aase, som har kurs og særskild kompetanse innan denne typen hælsmerter hos barn

Fagleg kompetanse ved Sunnhordland Klinikken 

Klinikken har brei erfaring med barn og unge i idrett og aktivitet, og ser ofte belastningsplager knytt til vekst og utvikling. 
Vår tverrfaglege tilnærming gjer at barn får trygg og forskingsbasert vurdering med mål om å halde fram i aktivitet – utan smerter og utan unødvendig avbrot i idretten. 

Oppsummering 

Severs sjukdom er ei vanleg årsak til hælsmerter hos barn i vekst. 
Solemaids gir dokumentert lindring for dei fleste, og hjelper barn å halde seg aktive utan smerte. 

Hos Sunnhordland Klinikken får du profesjonell vurdering, tilpassing og trygg oppfølging av erfarne behandlarar.