Sensorimotorisk psykoterapi er ei tilnærming som kombinerer samtale, kroppsbevisstheit og regulering av nervesystemet. Metoden blir ofte brukt ved traume, stress og samansette helseplager.
I staden for å arbeide berre med tankar og følelsar, så jobbar ein kroppsorientert og ser kroppen som meiningsberande og vkorleis kroppen “fortel historia”. Ein traumatisk hending er definert av noko som overveldar kroppen sin evne.
I sensorimotorisk psykoterapi ser ein korleis ufullførte kroppslege reaksjonar kan “henge seg fast i kroppen” og påverke relasjonar, opplevingar og personen sin evne til å fungere i kvardagen.
Mange som har opplevd stress eller traume kjenner det i:
- pust som blir angstrengt
- muskulatur som strammar seg
- uro, skvettenheit eller årvaken kropp
- vanskar med å finne ro, søvnforstyrringar

I sensorimotorisk psykoterapi jobbar ein med:
tryggleik og stabilisering
- pust og avspenning
- kroppssansar og muskelspenning
- bevegelse og kroppsminne
- å regulere nervesystemet slik at kroppen gradvis kjem meir i balanse
Målet er ikkje å gjenskape eller “grave” i minner, men å hjelpe kroppen å få mindre alarm, meir ro og betre kontroll. Dette kan gi mindre smerte, mindre uro og ein kropp som tåler kvardagen betre.
