Har du opplevd eit funksjonsfall etter sjukdom, skade eller ein operasjon? Kanskje kjenner du på at kvardagen er tøffare, eller at du ikkje lenger kan gjere dei aktivitetane du ønskjer?
Hos Sunnhordland Klinikken får du hjelp av dyktige terapeutar som støttar deg i prosessen med å gjenvinne funksjon, sjølvstende og livskvalitet.

Kva er rehabilitering?
Rehabilitering er ein målretta og heilskapleg prosess der hovudmålet er å gjenvinne, vedlikehalde eller betre tapt funksjonsevne.
Målet med opptreninga er ikkje berre å styrke musklar og ledd, men å gjere deg aktivt deltakande i eiga betring. Vi fokuserer på at du skal auke di evne til meistring og deltaking i alle delar av livet ditt – både fysisk, psykisk og sosialt. Gjennom aktiv opptrening byggjer vi opp att tilliten til eigen kropp.

Tverrfagleg samarbeid for best resultat
Me veit at utfordringar i muskel- og skjelettsystemet er komplekse. Derfor er rehabilitering hos oss eit tett samarbeid mellom deg og vårt fagteam.
Ved SH klinikken jobbar fysioterapeutar, psykomotoriske fysioterapeut, naprapat og kiropraktorar saman. Denne tverrfaglege tilnærminga gjer at me kan sjå heile deg – korleis bevegelsesmønster, pust og sinn påverkar smerta og funksjonen. Me gir deg eit heilskapleg tilbod.
Me skreddarsyr behandlinga og treningsplanen nøyaktig etter dine behov, mål og føresetnader. Me nyttar kunnskapsbaserte metodar for å optimalisere belastningstoleransen i vevet, for at du gradvis skal kome tilbake til ein aktiv og trygg kvardag.
Fokus på aktivitet og meistring ved muskel- og skjelettplager
Det finst mange ulike årsaker til svimmelheit.
Ved muskel- og skjelettplager er aktivitet ofte den beste medisinen. Vår tilnærming er å legge vekt på dine eigne ressursar og moglegheiter for bevegelse og styrke.
Me hjelper deg med å:
- Identifisere kva bevegelsar og aktivitetar som har blitt utfordrande.
- Gradvis auke styrken, stabiliteten og fleksibiliteten som trengst for å meistre kvardagen.
- Lære deg korleis du sjølv kan ta kontroll over smerta gjennom tilpassa trening og øvingar.
Målet er at du gjennom eigeninnsats og vår rettleiing skal oppnå best mogleg funksjon og livskvalitet.
Eit steg mot en betre kvardag
Rehabilitering er vegen tilbake til meistring og ein betre kvardag. Hos oss møter du eit engasjert og tverrfagleg team som ser deg, dine mål og dine moglegheiter.
