Psykomotorisk fysioterapeut på Stord

Kva gjer ein Psykomotorisk fysioterapeut?

Ein psykomotorisk fysioterapeut jobbar med samanspelet mellom kropp, pust, rørsle, spenningar og følelsesliv.
Psykomotorisk fysioterapi handlar om å skape betre kontakt med eigen kropp, og å forstå korleis både fysiske og psykiske belastningar påverkar funksjon, både gjennom pust, muskelspenningar og bevegelsesmønster.


Ein psykomotorisk fysioterapeut er ein fysioterapeut som har spesialisert seg, og har har inngåande kunnskap om ulike former for muskel- og skjelettlidingar, psykiske lidingar og samansette plager av ulik alvorlegheitsgrad.

Dette gir grunnlag for ei heilskapleg undersøking, ressursvurdering og behandlingstilnærming.
Med utgangspunkt i funksjonsvurderinga og pasienten sine behov, blir ulike tilnærmingar og metodar brukte i det kliniske arbeidet. Psykomotorisk fysioterapi har som mål å vere hjelp til sjølvhjelp.

Julie Berger har også spesialisert seg i PRT (Pain reprocessing therapy). Dette er ein nyare metode for å hjelpe pasientar med smerteproblematikk. Studier på PRT har vist lovande effekt på langvarig smerteproblematikk og betydelig betring i smerte og funksjon. Sjekk gjerne dokumentaren til Harald Eia, på Vg tv – «Harald og Sytepavene» for å lære meir.



Psykomotorisk fysioterapi kan vere nyttig for deg som opplever:

Langvarige muskel- og skjelettsmerter

Utmatting og stressrelaterte plager

Angst, uro eller depresjon

Traumereaksjonar og kroppsleg etterverknad etter belastningar

Hovudverk, nakke- og kjevespenningar

Pustevanskar og anspenthet

Samansette helseplager

Vår erfarne psykomotorisk fysioterapeut

Møt vår dedikerte psykomotorisk fysioterapeut som leverer trygge og effektive behandlinger.

Julie Berger

Psykomotorisk fysioterapeut

Psykomotorisk fysioterapeut, spesialist, ved Sunnhordland Klinikken, avdeling Stord

Pasienters tilbakemeldinger og vurderinger

Her deler me ekte erfaringer fra pasienter som har forbedret sin helse gjennom våre Psykomotorisk fysioterapeut sine tjenester

Å gå til psykomotorisk fysioterapeut Julie Berger var revolusjonerande for meg. Hennar måte å møte meg med mine plager, både knytt til nakkesmerte, hovudverk og stressbelastning på jobb, gav meg god innsikt i eigne spenningsmønser og kva som gjorde at nakken min vart vond. No har eg ikkje hatt spenningshovudverk på så lenge eg kan huske, eg er tilbake i jobb igjen og har det bra

Kari

Pleie og omsorgssektor

Å forstå korleis mine opplevelsar har satt seg i kroppen og få måtar å jobbe med det på, var veldig lærerikt og nyttig for meg. Smertene er ikkje vekke, men eg handtere dei på ein heilt anna måte no og dei stoppar meg ikkje frå å gjere ting. Følesen av at eg har kontroll, og at det ikkje er angst og smerter som styrar meg lengre

Anders

37år

Bestill ein konsultasjon med psykomotorisk fysioterapeut