Kva er ein cervikal prolaps? 

Ein prolaps i nakken (cervikal skiveprolaps) oppstår når den mjuke kjernen i ei mellomvirvelskive pressar seg ut gjennom den ytre ringen. 
Dette kan irritere eller trykke på ei nerverot som går frå nakken og ut i armen, og kan føre til smerter, prikking, nummenheit eller krafttap i arm og hand. 

Dei fleste prolaps i nakken kjem ikkje av noko akutt skade, men av gradvis slitasje og belastning over tid
Dette utgjer meir enn 70 % av tilfella

Korleis fungerer mellomvirvelskivene i nakken? 

Mellomvirvelskivene er elastiske bruskskiver som ligg mellom ryggvirvlane og fungerer som støtdemparar. 
Dei held nakken smidig og gjer at du kan bevege hovudet fritt. 
Ved slitasje eller overbelastning kan skiva bule ut eller sprekke, noko som gjev irritasjon på nerverota og fører til utstrålande smerte. 

Vanlege symptom ved prolaps i nakken 

Symptoma varierer avhengig av kva nerverot som er påverka, men typisk er: 

  • Smerter i nakken som kan stråle ut i skulder, arm eller hand 
  • Prikking eller nummenheit i fingrar eller delar av armen 
  • Kraftnedsettelse i skulder, albue eller handgrep 
  • Forverring ved hoste, nys eller ved å bøye hovudet bakover 
  • Smertelette når du støttar hovudet eller held det i ro 

Nokre opplever også stivheit eller muskelspenningar i nakken som tilleggssymptom. 

Korleis vert diagnosen stilt? 

Ved Sunnhordland Klinikken vert du undersøkt grundig, inkludert nevrologisk testing og spesifikke provokasjonsprøver for å finne kva nerverot som er påverka. 
I dei fleste tilfelle er MR ikkje naudsynt, då diagnosen blir stilt på bakgrunn av symptom og kliniske funn. 

Behandling av prolaps i nakken 

Dei fleste pasientar med nakkeprolaps blir bra utan operasjon. 
Behandlinga fokuserer på å dempe smerte, betre funksjon og gje trygg progresjon tilbake til normal aktivitet. 

Behandlinga kan inkludere: 

  • Leddmobilisering og mjukvevsbehandling for å redusere smerte og spenningar 
  • Nerve- og rørsleøvingar for å betre sirkulasjon og nervefunksjon 
  • Styrke- og stabilitetstrening for nakke, skulder og øvre rygg 
  • Gradvis aktivitetstilpassing i takt med symptomforbetring 
  • Sjukemelding ved behov, særleg om smerter eller krafttap hindrar arbeid 

Ved store eller langvarige symptom samarbeider vi med fastlege, og kan henvise vidare til MR eller spesialist dersom det er naudsynt. 

Prognose 

Dei fleste opplever betring innan 6–12 veker. 
Skiva kan gradvis trekkje seg tilbake eller miste væske, og trykket på nerven reduserast. 
Tidleg rettleiing, trygg oppfølging og rett mengd aktivitet gir best resultat. 

Fagleg kompetanse ved Sunnhordland Klinikken 

Ved Sunnhordland Klinikken møter du behandlarar med særleg kompetanse på nakkeplager, nerverotsmerter og prolapsar
  

Fleire av våre behandlarar har vidareutdanning innan nevrologisk vurdering, manuell behandling og rehabilitering, og samarbeider for å sikre eit heilskapleg behandlingsforløp. 

Oppsummering 

Prolaps i nakken er vanleg og som regel forbigåande
Med rett undersøking, manuell behandling og gradvis trening blir dei fleste friske utan operasjon. 

Hos Sunnhordland Klinikken får du ei trygg, forskingsbasert tilnærming og tett oppfølging gjennom heile forløpet.