Tilskot til ekspertbistand
Tilskot til ekspertbistand kan vere aktuelt når du er tilsett i ei verksemd, men opplever utfordringar med å vere i jobben. Plagene dine kan ha ført til langvarig eller hyppig sjukefråvær, og både du og arbeidsgjevaren ønskjer hjelp for å finne gode løysingar.
De har forsøkt tiltak, men ikkje lukkast med å løyse utfordringane på arbeidsplassen. De kan til dømes ha prøvd oppfølging og tilrettelegging av arbeidet, eller vurderingar gjennom bedriftshelsetenesta.
Arbeidsgivaren din skal drøfte saka med Nav før det blir søkt om tilskot. Nav, arbeidsgjevaren din og du må vere einige om at ekspertbistand er det mest hensiktsmessige tiltaket.
Du treng ikkje vere sjukmeld når arbeidsgivaren søkjer om tilskot til ekspertbistand

Ekspertbistand ved Sunnhordland Klinikken
Ved Sunnhordland Klinikken er det psykomotorisk fysioterapeut Julie Berger som er fagperson og kontakt inn mot ekspertbistand.
Ho har lang erfaring frå arbeidsretta tiltak, bedriftshelseteneste og arbeid med:
- sjukefråværsoppfølging
- nærværsarbeid
- førebyggjande og helsefremjande tiltak
- Samansette helseutfordringar
Julie kan bidra med:
- Funksjonsvurdering
- Sjukefråværsoppfølging
- Arbeidsplassvurdering
- Støttesamtalar ved t.d. langvarig sjukemelding, samansette helseplager, livsbelastningar eller arbeidskonflikt
- Stressmeistring og arbeid med nærværsfaktorar i arbeidslivet
Les gjerne meir på NAV si heimeside https://www.nav.no/ekspertbistand