Kjersti Otteraaen Ystad er naprapat ved Sunnhordland Klinikken, avdeling Stord Helsepark. Ho har lang erfaring med diagnostisering og behandling av muskel- og skjelettplager.
Sommaren 2006 starta ho sin eigen naprapatklinikk på Stord, og har sidan vore ein viktig ressurs for pasientar frå heile Sunnhordland – inkludert Fitjar, Bømlo, Kvinnherad, Tysnes og Sveio. Ho behandlar menneske i alle aldrar: barn, ungdom, vaksne, eldre og gravide.
Kontakt meg:
Telefon: 40477567
Mail: kjersti@shklinikk.no

Sunnhordland Klinikken, avdeling Stord Helsepark
Ho tok den fireårige naprapatutdanninga ved Naprapathögskolan i Stockholm og vart ferdig i 2006.
Kjersti har vidareutdanning innan dry needling / medisinsk akupunktur, og kan nytte nåler i behandling av musklar og ledd. Ho har gjennomført Norges Naprapatforbund si oppdateringskursrekkje, inkludert kurs i behandling av barn og spedbarn (2010–2011) og behandling under og etter graviditet (2019). Ho har òg vidareutdanning i AkuNova / akupunktur 2000.
Allereie under utdanninga skreiv ho hovudoppgåve om effekt av stabilitetstrening for gravide, noko som la grunnlaget for hennar store interesse for kvinnehelse.
Sidan då har ho opparbeidd seg solid kompetanse på både kvinnehelse, svangerskap og oppfølging av nyfødte.
Kjersti møter alt frå idrettsskadar til langvarige muskelspenningar. Ho har sjølv bakgrunn frå friidrett og handball, både som spelar og trenar, noko som gjev henne ekstra forståing for idrettsskadar og rehabilitering.
Interesseområde
- Muskel- og skjelettplager
- Kvinnehelse og svangerskap
- Idrettsskadar og rehabilitering
- Langvarige muskelspenningar
- Behandling av barn og spedbarn
- Førebygging og livsstilsrettleiing
Frå 2017 til 2025 har Kjersti, saman med Lisa van der Hagen, drive Helse i Sentrum Stord.
Ho har òg erfaring frå skule og helsevesen, og legg stor vekt på å møte kvar pasient med ei heilskapleg tilnærming.
Kjersti har hatt fleire bedriftsavtalar, og er medlem av Norges Naprapatforbund samt autorisert helsepersonell.
Pasienters tilbakemeldinger og vurderinger
Her deler vi ekte erfaringer fra pasienter som har forbedret sin helse gjennom vår Naprapat Kjersti Otteraaen Ystad
Kjersti er utrolig dyktig, og behandlingen hennes har stor effekt. Hun er faglig sterk, presis, og hun tar seg alltid god tid til å forstå hva kroppen faktisk trenger. Jeg har hatt enormt god hjelp av henne, og kroppen min responderer hver eneste gang.
Jeg anbefaler henne til alle PT-kundene mine, fordi jeg vet at de blir godt tatt vare på hos henne. Mange kommer tilbake på trening etter en behandling – og de kan endelig bruke kroppen igjen.
Hun er trygg, dyktig og til å stole på.
Anbefales på det varmeste.
Malene
Hei! Etter snart 20 år med hardt fysisk arbeid som skogsarbeider, så har eg dei 10 siste åra slitt veldig med smerter i ryggen. Eg har prøvd forskjellige andre behandlingsformer utan stort hell. Etter kvart var eg begynt å gje opp håpet om at ryggen skulle bli bra. Men etter at eg byrja med naprapat behandlinga til Kjersti så har livet mitt blitt heilt forandra. Ryggsmertene er blitt mykje betre og eg har ein heilt anna livskvalitet. Dette kan verkeleg anbefalast til alle som slit med prolaps og andre ryggproblem.
Audun
Framifrå fagkunnskap, trygg behandling og akupunktur som faktisk verkar. Kjersti har gjort ei livsforvandlande skilnad for meg.
Lillian
Sykemeldt i 7 mnd med sterke ryggsmerter.
Etter intensiv behandling i 4 uker var jeg tilbake i full jobb,og har vært det siden.
Denne behandlingen anbefales på det varmeste.