Langvarig smerteproblematikk – korleis få det betre?

I dette kurset vil Julie Berger, spesialist i psykomotorisk fysioterapi, gi deg innføring i smerte. Mekanismer rundt korleis smerte oppstår, kva funksjon smerte har og korleis ein kan få det betre og redusere langvarig smerteproblematikk. Julie Berger har fullført vidareutdanning i PRT (Pain reprocessing therapy) i tillegg til mange års erfaring som fysioterapeut og spesialist i psykomotorisk fysioterapi. Ho vil knytte samanheng mellom psyke og kropp, og du vil lære faktorar som påverker at smerte oppstår, opprettholdande faktorar og korleis du kan få ein betre kvardag med mindre smerte og betre funksjon. Du får også ein innføring i grunnprinsippa i PRT.

Julie har lang erfaring i feltet, og har jobba med smerteproblematikk i mange år. Dette kurset vil gje deg ny kunnskap, oppdatert forskning innan smerteproblematikk og i hovudsak vere for deg som enten slit med muskel og skjelettplager, har prøvd forskjellige tilnærmingar til plagene dine eller for deg som er interessert i feltet og ynskjer meir kunnskap om smerte og korleis førebygge helseplager.

Kurs dato: Onsdag 25.mars 2026 kl 14 – 15.15

5.etasje i Stord Helsepark (vestre trappetårn).

Påmelding: send mail til julie@shklinikk.no eller send sms til 47 49 67 63

Pris:400 kr