Isjias betyr at det strålar ned i foten. Men ikkje all stråling kjem frå isjiasnerven.

Isjias bruker me om smerter som følgjer nerven frå korsryggen og ned i setet, låret og vidare ned i leggen eller foten. Smertene kan kjennast brennande, stikkande, strålande eller elektriske. Mange opplever også prikking, nummenheit, litt krafttap eller balanseutfordringar.

Kva er årsakene til isjias?

Isjias er eit symptom, ikkje ei eiga diagnose. Det betyr at noko irriterer eller klemmer på isjiasnerven. Vanlege årsaker er:

1. Prolaps

Ei skive kan bule ut og irritera ei nerverot. Dette gir ofte skarpe strålesmerter som forverrar seg ved sitting, bøying, hosting eller nysing.

2. Spinal stenose

Trang ryggkanal som gir mindre plass til nervene. Vanleg hos vaksne over 50 år.

3. Recess-stenose

Trangheit i området der nerverota går ut. Kan gi klemming, nummenheit og stråling.

4. Facettledd og leddirritasjon (inkl. slitasje/artrose)

Irriterte eller slitte ledd kan gi utstrålande smerter som liknar isjias, men utan påverking av sjølve nerverota.

5. Muskulær irritasjon – ofte piriformis (falsk isjias)

Stram muskulatur i setet, særleg piriformis, kan trykkja på isjiasnerven og gi isjiasliknande smerter.

Vanlege symptom

Stråling ned i eitt bein

Prikking eller nummenheit

Brennande eller stikkande smerter

Litt ustabilitet eller redusert kraft

Smerter ved sitting eller når du går

Ved plutseleg krafttap, nummenheit i skrittet eller problem med vatnlating må ein kontakte legevakt.

Korleis finn me årsaka?

Hos Sunnhordland Klinikken gjer me ei grundig og heilskapleg vurdering:

  • Funksjons- og rørsletesting
  • Nevrologisk undersøking
  • Vurdering av muskulatur og ledd
  • Analyse av gange, belastning og balanse
  • Samtale om symptom og utløysande faktorar

Ved behov henviser me først til MR eller røntgen, for å kartleggja strukturelle forhold.

Ved enkelte symptom kan me også tilrå at fastlegen tek blodprøver, til dømes ved mistanke om betennelse eller andre medisinske årsaker.

Tilstandar som kan likna isjias

Det er fleire plagar som kan gi stråling ned i beinet utan at isjiasnerven er involvert:

Hoftesmerter (inkl. laterale hoftesmerter)

Artrose, slimposeirritasjon og senebetennelsar i hofta kan stråla ned i beinet. Dette kan kjennast likt, men kjem ikkje frå isjiasnerven – sjølv om det strålar.

Intermitterande claudicatio

Smerter i leggene som kjem når du går og forsvinn når du stoppar. Skyldast redusert blodtilførsel.

Polynevropati

Påverkar fleire nervar i bein og føter. Gir ofte prikking, brenning, nummenheit og endra kjensle.

Meralgia paresthetica

Brennande smerte eller nummenheit på utsida av låret. Skyldast klemming av ein hudnerve.

Bekken- og korsryggleddplagar

Kan gi utstråling utan typiske teikn på nerveirritasjon.

Behandling hos Sunnhordland Klinikken

Behandlinga blir tilpassa årsaka til plagene, og kan innehalda:

  • Leddbehandling for å avlasta nervevev
  • Behandling av muskulatur i rygg og sete
  • Øvingar som roer ned nerveirritasjon
  • Gradert styrketrening og opptrening
  • Råd om belastning og meistring i kvardagen

I enkelte tilfelle henviser me vidare til operativ vurdering, særleg dersom nerven er tydeleg påverka eller smertene varer lenge.

For mange pasientar er det viktigaste at me bekreftar ei trygg diagnose, gir gode forklaringar og oppmodar til normal og trygg bruk av ryggen.