Er du glad i å vere aktiv, anten som mosjonist eller toppidrettsutøvar? Idrett bidrar til god helse, men nokre gonger kan innsatsen presse kroppen for hardt. Når grensa for kva kroppen toler blir nådd eller broten, oppstår det me kallar ein idrettsskade.
Ved SH klinikken har me kompetansen til å hjelpe deg tilbake i aktivitet. Våre terapeutar — fysioterapeut, kiropraktor og naprapat — har lang erfaring med undersøking og oppfølging av idrettsskader.

Akutte skader
Ein akutt skade kjem brått og har ein tydeleg, plutseleg hending som årsak. Tenk på eit overtråkk, eit fall eller ein kraftig vridning. Skaden skjer umiddelbart som følgje av ein akutt, stor belastning.
Vanlege akutte idrettsskader:
- Overtråkk ankel.
- Muskelstrekk eller avrivingar.
- Leddbåndsskader kne.
- Skulderluksasjon.
Rask og riktig behandling vil bidra til raskare retur til idrett. Me kan hjelpe deg med ei grundig undersøking, smertelindring, og ein plan for opptrening.
Belastningsskadar
Ved Sunnhordland Klinikken blir du undersøkt grundig for å finne årsaka til Belastningsskadar skil seg frå akutte skader ved at dei utviklar seg gradvis. Dei kjem ofte av for stor belastning over tid, gjerne fordi ein har trena «for mykje, for fort, for ofte, eller med for lite kvile».
Ved ei belastningsskade er det ikkje nok å berre behandle symptoma. Me må finne årsaka til at skaden oppstod. Dette kan innebere å sjå på:
- Treningsmengdog intensitet.
- Teknikk og bevegelsesmønster.
- Søvn, restitusjon og kosthald.
- Styrke, stabilitet og fysisk kapasitet.
Våre terapeutar vil hjelpe deg med å kartleggje dei relevante faktorane i din situasjon. Ved å gjere nødvendige justeringar kan me lage ein plan for opptrening og retur til idrett.

Førebygging: Kva du kan gjere sjølv
Forsking syner at ein stor del av alle idrettsskader kan førebyggjast gjennom enkle, men effektive tiltak.
Enkelte styrkeøvingar har vist seg effektiv for å førebygge spesifikke skader. “Nordic hamstring” kan førebygge opp mot 50% av hamstringsskader er eit godt eksempel på dette.
Strukturerte øvingsprogram kan enkelt integrerast som ein del av oppvarminga. Øvelsar som styrkjer muskulaturen og forbetrar balanse, stabilitet og leddkontroll har vist seg effektivt for å førebyggje ein rekke ulike idrettsskader.
Belastningsstyring og restitusjon
Hugs at førebygging handlar om meir enn berre trening. Å styre belastninga — det vil seie kor mykje, kor ofte og kor hardt du trenar — er avgjerande. I tillegg er nok søvn og god restitusjon heilt essensielt for at kroppen skal reparere vevsskade og byggje seg sterkare. Ubalanse mellom belastning og restitusjon aukar risikoen for skadar. Me hjelper deg med å sjå heilskapen i kvardagen din for å sikre optimal balanse.
Å ta førebygging på alvor gir deg mykje att: Fleire friske treningsdagar, betre prestasjon og mindre tid på sidelinja.
Barn og ungdom: Ein kropp under ombygging
Eit skjelett i vekst skapar eigne utfordringar. Trening og aktivitet i vekstfasen bør tilpassast individuelt med utgangspunkt i kronologisk og fysiologisk alder.
Hos barn og ungdom kan både akutte traume og gjentekne mikrotraume føre til skade. Tilstanden startar ofte mildt, men kan forverrast om ein fortset med aktivitet utan rett oppfølging.
For å stille riktig diagnose treng ein kjennskap til anatomi, typiske skadeområde og korleis desse varierer med alder.
Ei grundig kartlegging av treningsmengde, intensitet og eventuelle endringar i aktivitet er difor heilt nødvendig.
Me tilbyr tverrfagleg hjelp
Treng du hjelp til å kome deg tilbake i aktivitet, eller ynskjer du råd om korleis du best kan førebyggje skadar?
Uansett om du er ein ungdom i vekst, ivrig mosjonist eller toppidrettsutøvar, kan ein vurdering hos fagpersonar med spesialkompetanse innan idrettsmedisin vere svært nyttig.
Vårt mål er at du skal kome deg raskt tilbake til trening og konkurranse.
Vil du ta kontroll over skaden og kome tilbake i form?
Ta kontakt med oss i dag for å setje opp ein time!
