Hjernerystelse, eller commotio cerebri, er ein mild hjerneskade som oppstår etter slag, fall eller støyt mot hovudet.
Tilstanden fører til ei kortvarig forstyrring i hjernen si normalfunksjon, utan synlege skadar på MR eller CT.
Dei fleste blir heilt bra innan få veker, men nokre opplever at symptoma varer lenger.
Dersom plagene held fram utover fire veker, omtalar vi det som langvarig hjernerystelse (post-commotio syndrom), og det bør då gjerast ei breiare vurdering og oppfølging.
Rett informasjon, gradvis aktivitet og tidleg vurdering er nøkkelen til god tilheling.

Vanlege symptom
Symptoma kjem ofte rett etter skaden, men kan også utvikle seg over dei første timane eller dagane.
Vanlege teikn er hovudverk, svimmelheit, kvalme, trøyttleik, nedsatt konsentrasjon, søvnvanskar og auka kjensle for lys eller lyd.
Hos enkelte kjem endra humør, uro eller irritabilitet som del av det normale forløpet.
Korleis blir diagnosen stilt?
Ved Sunnhordland Klinikken blir du undersøkt grundig etter skade eller mistanke om hjernerystelse.
Vi startar med ei detaljert anamnese der vi kartlegg korleis skaden skjedde, kva symptom som oppstod, og korleis dei har utvikla seg over tid.
Undersøkinga kan inkludere SCAT 6-screening, eit internasjonalt verktøy for vurdering av hjernerystelse som testar kognitive funksjonar, balanse, minne og symptomprofil.
Vidare kan vi gjere:
- Nevrologisk vurdering av reflekser, balanse, auge- og nakkefunksjon
- Screening av syn og balanse for å kartlegge påverknad på nervesystemet
- Vestibulære testar dersom svimmelheit er framtredande
- Nakkeundersøking, då mange har samansette symptom frå både nakke og hjerne
Dersom det er mistanke om meir alvorleg skade, samarbeider vi med fastlege for vurdering av MR, CT eller vidare henvisning.
Behandling og oppfølging
Behandlinga ved Sunnhordland Klinikken er tilpassa kvar pasient, med fokus på trygg og gradvis normalisering av hjernens funksjon.
Først blir aktivitetsnivå og symptomprofil kartlagt, deretter legg terapeuten opp ein plan for gradert retur til kvardag og fysisk aktivitet.
Rehabiliteringa kan innehalde øvingar for balanse og auge-hovud-koordinasjon, fysisk og kognitiv toleransetrening (til dømes Buffalo-protokollen), samt oppfølging av nakke- og skulderfunksjon.
Rettleiing om søvn, energiøkonomi og livsstil er ein viktig del av prosessen, og sjukemelding kan vurderast ved behov.
Målet er at du skal kjenne deg trygg, forstå kva som skjer i kroppen, og gradvis vende tilbake til normal funksjon.

Fagleg kompetanse ved Sunnhordland Klinikken
Ved Sunnhordland Klinikken har vi særleg kompetanse på utgreiing og behandling av hjernerystelse.
Thomas Dyngen er sertifisert gjennom Complete Concussion Management (CCMI) – eit internasjonalt program for forskingsbasert diagnostikk og rehabilitering ved hjernerystelse.
