Korsryggsmerter
Korsryggsmerter er ein svært vanleg tilstand i befolkninga. Studiar viser at mellom 30–50 prosent av nordmenn har vore plaga med ryggsmerter den siste månaden, og om lag ein av fem opplever slike plager til ei kvar tid, i varierande grad.
Sjukemeldingar knytt til muskel- og skjelettlidingar er blant dei som varer lengst i Noreg, og korsryggsmerter er ein av dei vanlegaste årsakene.
Dersom smertene ikkje strålar ut i beina, er handterbare, og du opplever ein viss kontroll, vil tilstanden ofte betre seg med tida.

Kva er beste tilnærming til korsryggsmerter?
Dersom du er usikker på kva som ligg bak smertene, om dei ikkje gir seg, eller du ønskjer raskare framgang, finst det gode retningslinjer for handtering av akutte ryggplager.
Desse legg vekt på:
- Ei grundig undersøking for å utelukke alvorlege årsaker
- Å halde seg i aktivitet så langt det let seg gjere
For smertelindring er både manuell behandling og tilpassa trening i anbefalingane. Ved meir langvarige eller tilbakevendande plager kan det også vere aktuelt å sjå på:
- Belastning og tilrettelegging i arbeid og kvardag
- Styrke og uthald
- Korleis ein forstår og handterer smerte
I dei fleste tilfelle av akutte korsryggsmerter utan utstråling er det ikkje behov for vidare utgreiing med røntgen eller MR.
Dersom ein treng meir smertelindring, er paracetamol førsteval, eventuelt betennelsesdempande medisinar. Ved bruk av medikament er det fornuftig å rådføre seg med fastlege, særleg dersom ein har andre helseutfordringar.
Ved Sunnhordland Klinikken har me etablerte terapeutar, tverrfagleg kompetanse og lang erfaring innan undersøking, behandling og opptrening av både akutte og langvarige korsryggsmerter. Ved behov kan ein også bli vist vidare til bildediagnostikk eller spesialist av kiropraktorer ved klinikken.
