Kiropraktor Lisa van der Hagen

Lisa van der Hagen er kiropraktor ved Sunnhordland Klinikken, avdeling Stord Helsepark.
Ho er utdanna ved Anglo European Chiropractic College i England, der ho tok ein femårig bachelor- og mastergrad innan kiropraktikk.
Lisa er medlem av Den norske kiropraktorforeininga (MNKF).

Gjennom vidareutdanning og kursing har Lisa opparbeidd seg brei kompetanse innan behandling av spedbarn og gravide, ammeveiledning, funksjonell trening, tørrnåling (Dry Needling) og kinesiotaping.
Ho har òg stor interesse for idrettsskadar, og har frå 2016 til 2022 samarbeidd tett med Stord Herre Elite, der ho behandla spelarane gjennom heile sesongen.

Kontakt meg:
Telefon: 48227225
Mail: lisa@shklinikk.no

Lisa har utvikla fleire populære treningsgrupper, som Sterk mamma, Sterk 60+ og Sterk saman, retta mot dei som ønskjer å halde seg aktive med trygg rettleiing. 

Ho er vidareutdanna ammeveileder, og har sidan 2019 vore frivillig ammehjelper gjennom ammehjelpen.no. 


Lisa van der Hagen
Kiropraktor (MNKF)
Sunnhordland Klinikken, avdeling Stord Helsepark

Interesseområde 

  • Funksjonell trening og førebygging 
  • Idrettskadar
  • Rehabilitering og livsstilsendring

Frå 2017 til 2025 har Lisa, saman med Kjersti Ystad, drive Helse i Sentrum Stord.

Lisa møter pasientane sine med tryggleik og forståing, uansett alder og livssituasjon.
Ho kan henvise direkte til spesialistar og bildediagnostikk, og sjukemelde pasientar ved behov.
Som behandlar legg ho vekt på heilskap, kunnskap og respekt for den einskilde pasienten sine behov.

Mine kurs:

Pasienters tilbakemeldinger og vurderinger

Her deler vi ekte erfaringer fra pasienter som har forbedret sin helse gjennom vår Kiropraktor Lisa van der Hagen

Blid og dyktig kiropraktor. Og med rett behandling og gode øvelser har eg unngått både sykemelding og operasjon

Jorunn

Eg har gått til denne kiropraktoren i fleire år, og eg kunne ikkje vore meir nøgd. Kvar behandling blir utført med høg fagleg kompetanse, og eg kjenner meg alltid godt ivareteken. Lisa tek seg tid til å lytte, forklare og tilpasse behandlinga etter behov. Resultata har vore svært gode, og eg opplever stor betring både i smerter og funksjon. Anbefalast på det varmaste til alle som ønskjer profesjonell og trygg oppfølging

Mari

Frå Sterk saman: Med ødelagt balansenerve, er det gull verdt å få trena i trygge omgivelser i mindre grupper, med trygg trener rundt oss. Merker allerede stor forskjell på balansen!

Reidun

Frå Sterk saman: Veldig fornøgd med treninga! Har fått meir styrke og er mjukare i kroppen. Ser fram til kvar einaste trening hos flinke, kjekke Lisa.

Randi