Kva er hovudverk? 

Hovudverk er ei svært vanleg plage og ein av dei hyppigaste grunnane til at folk søkjer behandling. 
Ho kan kome frå spenningar i musklar, feilstillingar i nakke, hormonelle forhold eller endringar i nervesystemet. 
Ved Sunnhordland Klinikken møter vi særleg tre typar: 

  • Cervikogen hovudverk – kjem frå strukturane i nakken 
  • Tensjonshovudverk – kjem frå muskelspenningar og stress 
  • Migrene – kjem frå nevrologiske prosessar i hjernen 

Cervikogen hovudverk 

Cervikogen hovudverk skuldast irritasjon frå ledd, musklar eller nerver i nakken som sender smerte opp mot hovudet. 
Smertene kan sitta på éi side eller begge sidar og kan forverrast av nakkebevegelse eller dårleg haldning. 
Behandling handlar om å gjenopprette normal funksjon og redusere spenning i nakken. 

Tensjonshovudverk

Tensjonshodepine er den mest vanlege typen og kjem av langvarig muskelspenning, stress og dårleg søvn. 
Ho gir som regel trykkande, jamn smerte på begge sider av hovudet. 
Avspenning, bevegelse og betre søvnvanar er ofte nøkkelen til betring. 

Migrene 

Migrene er ei nevrologisk tilstand med kraftige, pulserande smerter – ofte på éi side – og kan følgjast av kvalme, lys- og lydømfintlegheit. 
Målet er å redusere frekvens og intensitet ved å kombinere livsstilsendring, manuell behandling og førebyggjande tiltak. 
Dei fleste med migrene skal og treng medisinar for å lindre anfall og redusere gjentakingar, og dette blir vurdert saman med fastlege. 

Undersøking ved Sunnhordland Klinikken 

Ved Sunnhordland Klinikken blir du undersøkt grundig for å finne kva type hovudverk du har og kva som utløyser ho. 
Anamnesen er sentral – vi kartlegg mønster, varigheit, intensitet, utløyingsfaktorar, medikamentbruk og livsstil. 

Klinikken følgjer den internasjonale ICHD-klassifiseringa av hovudverk, som gir strukturert grunnlag for diagnostikk. 
Undersøkinga omfattar: 

  • Vurdering av nakke, kjeve og skuldrer 
  • Nevrologisk testing ved behov 
  • Vurdering av stress, søvn og arbeidsstillingar 

Ved behov samarbeider vi med fastlege for vidare utgreiing, blodprøver eller bildediagnostikk for å utelukke andre årsaker.  

Behandling og oppfølging 

Behandling blir tilpassa årsaka og kan innehalde: 

  • Leddmobilisering og mjukvevsbehandling 
  • Trening for haldning og stabilitet 
  • Avspenning og pustetrening 
  • Rettleiing om søvn og stresshandtering 
  • Sjukemelding ved behov 
  • Samarbeid med lege eller nevrolog ved meir komplekse tilfelle 

Målet er å redusere smerte, betre funksjon og førebygge nye anfall. 

Fagleg kompetanse ved Sunnhordland Klinikken 

Ved Sunnhordland Klinikken har behandlarane vidareutdanning og kurs innan nevrologi, svimmelheit og hodepinebehandling.  

 
Vi arbeider etter forskingsbaserte prinsipp og legg vekt på heilskap – både fysisk, nevrologisk og livsstilsrelatert – for å hjelpe deg tilbake til ein kvardag med mindre smerte. 

Oppsummering 

hovudverk er vanleg, men årsakene varierer. 
Cervikogen, tensjon og migrene krev ulik tilnærming, men dei fleste får god hjelp med målretta behandling og rettleiing. 

Hos Sunnhordland Klinikken får du ei grundig vurdering i tråd med internasjonale retningsliner og oppfølging tilpassa dine behov.