Diagnostisk ultralyd er eit moderne og presist verktøy for å undersøkje musklar, sener, ledd og bindevev – direkte medan kroppen er i rørsle.
Ultralyd gjev høgoppløyselege bilete i sanntid, slik at vi kan sjå korleis kroppen faktisk fungerer – ikkje berre i ro, men også under belastning. Noko som skill seg frå MR og røntgen.
Undersøkinga er trygg, smertefri og utan stråling, og kan gjerast rett på klinikken – ofte utan ventetid. Den eignar seg både for akutte skadar, langvarige smerter og belastningsrelaterte plager.

Med ultralyd kan vi vurdere:
- Muskelstrekk og rupturar
- Senebetennelsar (tendinopatiar)
- Slimposebetennelse (bursitt)
- Leddnære betennelsar
- Kalkavleiringar (t.d. i skulder eller akilles)
- Sene- og leddbåndsskadar
- Væskeansamling
Fordeler med Diagnostisk Ultralyd:
Ved Sunnhordland Klinikken startar undersøkinga med ei grundig anamnese – Rask tilgang og svar
- Ultralyd gir betre detaljer enn MR for musklar og sener som ligger i overflata.
- Bevege på musklar og ledd når ein undersøkjer.
- Moglegheit til å samanlikne direkte med motsatt side for å vurdere forskjellar.
Ultralyd gjer det også mogleg å følgje utviklinga av ein skade over tid, og vurdere effekten av behandling. Det gjer metoden til eit verdifullt verktøy i rehabilitering, trening og oppfølging.
Hos SH Klinikken har Henrik Vikanes Vervik og Thomas Dyngen vidareutdanning i diagnostisk ultralyd frå Universitetet i Bergen (2017), og lang erfaring med vurdering av muskel- og skjelettplager.
Undersøkingar blir utførte ved våre klinikkar på Stord, Bømlo og Husnes på utvalde dagar.
Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer ei fagleg vurdering – eller lurar på om ultralyd kan vere rett for deg.
