Å amme er noko av det mest naturlege her i verda. På same tidspunkt som det kan føles så unaturleg ut.  

Ammeproblematikk er svært vanleg, og meir vanleg enn dei fleste trur. Det er dei færraste som berre kan legge til barnet og opplever at alt «løyste» seg sjølve.  

Kanskje har ein amma eit barn, og det gjekk bra, men så opplev ein meir vanskar med neste barn. Det finnes så mange scenario, og dei er alle like aktuelle. 

Amming er eit sammarbeid mellom mor og barn. Eit sammarbeid som ikkje alltid er like enkelt å få til, men heilt klart enklare med litt øving og rett veiledning. Sjølv om morsmjølk er naturleg, er sjølve ammeteknikken ikkje alltid intuitiv.  

Dersom ein opplever at det å amme er vanskelig, at ein ikkje heilt finn ut av dette samspelet, er det ideelt å oppsøke hjelp i den tidlege fasen. Slik kan ein forhindre at problem som såre brystknoppar og brystbetennelse (mastitt) oppstår, samt redusere sjangsen for redusert vektauke hos spedbarnet.  

Ammeveiledning 

Hos Sunnhordland klinikken har eg, kiropraktor Lisa van der Hagen lang og brei erfaring som ammeveileder, samt behandling av spedbarn og barn.  

Eg har vidareutdanning i Ammeveiledning trinn 1-4, behandling av spedbarn med ammeproblematikk, samt at eg har jobba som frivillig ammehjelper for Ammehjelpen i over 6 år.  

Pdd er eg den einaste Ammeveiledaren på Stord.  

Korleis kan ein hjelpe? 

Ved ammeproblematikk undersøker ein ofte om barnet har spenningar i nakke, rygg eller kjeve, alle områder som kan gjer det vanskelig for barnet å finne ein god ammestilling. Det kan også gi eit mindre optimalt sugemønster. 

Eg nyttar teknikken «Touch and hold» – ein mild form for behandling der ein jobbar med spenninger i muskulatur. Eg tilbyr ingen manipulasjon av spedbarn.  

Når det kommer til ammestillinger, er det ofte små justeringer som skal til for å minske smerter hos mor eller for å gi eit meir optimalt sugetak for barnet. 

Oppsøk hjelp 

Eg ser ofte at eit par hjelpande råd på vegen er nok til at ein føler ting lettar, litt etter litt. Min anbefaling til deg vil vere å oppsøke hjelp, dersom du kjenner på stress rundt amming, føler ikkje samspelet fungerer, eller berre ønsker å ha eit par råd på vegen. 

Du finner meg i Sunnhordland klinikken i Stord Helsepark, 2. etg, samt som ammeveiledere for ammehjelpen på mail lisa.vanderhagen@ammehjelpen.no